Framsida til Bolstad gard - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Bolstad med Skjolden og Lustrafjorden
Garden  Bolstad ligg i Luster kommune, og innerst i Lustrafjorden.
 
Ved elvemunninga utvida dalen seg med fleire terrassenivå med store flater.
Garden var eit klyngjetun som låg på den øvste terrassen. Det er tre terrassar i området.
Men ein del av bruka flytte ut i frå tunet. Bygningane til garden er lokaliserte på austsida av Mørkridselva. Eigedommane til Bolstad bruka strekkjer seg i frå Fortunsdalen og ned til fjorden og opp igjen Mørkridsdalen. I Mørkridsdalen har dei eigedomar på både aust og vestsida av dalen. I  Fortunsdalen strekkjer eigedommen seg opp til grensa til Drægni.
Bre og marin erosjon har vore med å forma landskapet til slik som Skjolden ligg i fjordbotnen i dag. Det som i dag er tettstaden Skjolden var opphaveleg ein blanding av privat eigedom og allmenning for Bolstad bruka. Moen og Mørkrid hadde også eigedom her for å komma til sjøen. Bolstad er den største garden i Fortun sokn.



               Bolstad Farm
      det blir heile tida lagt ut stoff her så kikk innom av og til
                           sist oppdatert 17.07. 2023
    Om du har ein kommentar eller har meir info, kan du senda det på
       tilbakemeldings skjemta som ligg under knappen Om.

    
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet