Vårstølane - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Vårstølar
Ikring 14. juni flytte dei i frå heimestølane og opp på vårstølane. Desse låg lenger framme i Mørkridsdalen, men det var ein vårstøl i fjellsida over Øyastølen, Persli. Bolstad hadde vårstølane Liane, Langdalen, Fossen som ligg på rad og rekke frametter Mørkridsdalen. Det var ein støl som vart kalla Vetlestølen som i dag er ein ødestøl.  Vårstølane var også hauststølar.
Ein vart først på heimestølen, så vårstølen, så fjellstølen, så tilbake til hauststølen (vårstølen) og så ned igjen til heimestølen. Dei var på vår- og fjellstølane i seks til sju veker. Dei var på vårstølen ikring ein månad før dei flytte vidare til fjellstølen. I slutten av august flytte dei så tilbake hauststølen. Ikring 14. september buførte dei så tilbake til heimestølen.
                                                            Persli ligg på vestsida av elva på ikring 530 m.o.h. Her hadde to bruk sel, b.nr. 2, Ekrebakkgarden og b.nr. 17. Sandalunden. Heltne hadde og eit sel her i si tid, det var gardsnr. 21/ 4 Heltnehagen. I slutten av 1930-åri støla b.nr. 1. Bakkagarden her i ein kort periode. Husmannsplassane, Skjolden, Vatnet og Naustvolden hadde også sel her. Det finnes òg ei tuft her som vert kalla «Havella-tufta». Korleis Havhella fekk støla her veit ein ikkje noko sikkert om  i dag. Men den 8.juli 1791 vart ei jente i frå Bolstad gift til husmannsplassen Havella 3. Det var Kari Paulsdotter(1768-1846) som gifte seg med Johannes Janson (1768-1844). Kan det vera slik at far til Kari, Paul Sølfestson i Yttrisgarden gav svigersonen og dotteri løyve til å setja opp sel her? Dette kan ein berre spekulera om. Då er tufta i frå 1790 åri.
Liane er den første vårstålen ein kjem til etter han går forbi Vetlefossa. Her kjem ein inn på Bolstad og Heltne sameige. Liane var støl for Heltne og  to Bolstad bruk. Stølsvollen ligg austsida og på 476 m.o.h. Her er det tre sel. Det er to Bolstad- og eit Heltnasel her. Gudbrandsgarden b.nr. 9 og det utskilde bruket b.nr. 52 som held til her. I tillegg har G.nr. 21/ 4 Heltnehagen sel her. Stølen er relativ ny, ikring 200 år. Det var Gudbrand Olson Bolstad (1818-1886) som tok til å støla her. Liane vart i 1896 kalla «Dalsøisæter» og då stod det eit sel her. Det var slutt på stølinga her ikring 1958.
Har vart det bygt ein bru for å utnytte beita på begge sida av elva. Det har truleg vert tre bruer på brukara her. Kor til den første veit ein ikkje i dag, men det vart bygd ny bru her i 1945 og den stod fram til 1995.  I 2014 vart det bygd opp ny bru her, den var nær til å bli teken i storflaumen  13.oktober 2018. Hausten 2019 var eit lag sherparar som var oppe å bygde opp igjen  det delvis øydelagde brukaret.
Vetlestølen. Mellom Liane og Langdalen er det ein haug som vert kalla Vetlestølshaugen. Her låg det ein forhistorisk støl på framsida av haugen på ein turr rabb. Ein ser restar av seks hesteskoforma tufter her, med opning i den eine enden. Murane er rasa saman, opp igjennom århundra er det danna seg mose og jord over dei. Eit eldstad er truleg visleg i midten av tuftene. Kan den stamma i frå den tida då Bolstad vart etablert som gard? Ut i frå datering så er vel svaret her ja. Tuftene kan ein truleg datera tilbake til jarnalderen ikring år 300.
Langdalen, stølen blir i dag kalla Dalen. Dalavollane ligg på ikring 475 m.o.h. Det gamle stølsområdet Tråi ligg på ikring 480 m.o.h. Her hadde Bolstad og Heltne sel, samt husmenn hadde og sel her på Dalen. I dag er det fire tufter og to ruiner igjen der. Dei to siste sela som stod der vart teken av ei snøskreda i 1979. Åmundsgarden flytte i 1980 selet sitt ned der dei andre sela på Langdalen står, medan Jensagarden bygde sitt opp igjen i Vetlestølshaugen. Langdalen består av ei stor flate. Frå Håndfjellet og heim til Heimsta Dalaholet er det om lag 620 meter og frå elva og opp til Tråi er det ikring 400 meter. Medan sela låg i Tråi var det kort veg til vatn, sidan Trågrovi rant rett forbi stølsvollen. Når sela vart sett opp på knubben under Holten så var det litt lenger til vatn. Det vart laga til ei grov i frå Trågrovi som rant nett under der sela står. Truleg flytte dei fleste sela sine i frå Tråi og ned der dei står i dag på grunn av snøskreda som går her enkelte år. Sela vart bygd på knubben under Holten sidan den står litt over Dalavollane då slapp dei å få problem med vatn  i frå elvane. I fjellsida over Tråi kjem det ned to småelvar, Trågrovi og Vedagrovi.  Opp igjennom århundra har Trågrovi forandra sitt løp mang ein gong. Det ligg også ein øy her som vert kalla Sølfestøy.
Stølen Langdalen må vera ein gammal støl, for den er nemnd i 1633, i ein gammal skatte registrering står det at gardane i Bolstad hadde stølar i fjellet. Langdalen må vera ein av dei. Området rundt Langdalen var frodig og egna seg godt for støling. Allereie ikring år 300 var det ein førhistorisk støl / busetnad i området. Ein kan ikkje sei kor tid dei tok til med å støla her men ut ifrå funn av skålgroper på dei høgare liggjande fjellstølane kan hende Langdalen ha sitt opphav i den yngre steinalder.
Desse gardane hadde / har sel på Langdalen. Om man startar under Håndfjellet og reknar dei opp til Tråi får vi denne rekka.
Bakkagarden, Eliasgarden, Kreken, Yttrisgarden, Åmundsgarden, Flohaug og Flaten(Heltne). Rett opp forbi selet til b.nr. 35 låg til GuttormMaria selet. Her sette eigaren av g.nr. 21/1 opp eit nytt stølshus i 1995. Selet til  g.nr.21/5 Flaten ser ein berre tuftene igjen i dag. Oppe i Tråi ser vi også ei ruin etter «TeigAnna-selet».
Det er restar av tre bruer i området. Dei gjekk over til vestsida av elva. Det var ei ved Håndfjellet og det låg to i Fremsta Dalaholet. Den eine i fremste i Dalaholet er opp igjen bygd og er i bruk.
Det finnes restar av eit gjerde på Langdalen. Det var ein brukar i Flohaugen som i si tid bygde den opp. Dette hadde han  ikkje lov å gjera, men dei andre i sameige let han drive på til han var ferdig. Då fekk han klar beskjed om at han måtte riva muren ned igjen.
Fossen etter å ha passert Mørkridsdalen sitt trongaste strekning kjem ein fram til stølen Fossen so er den fremste vårstølen i Mørkridsdalen.. Stølen ligg på 520 moh. Når ein passerer fossen, elva som kjem i frå Leirvatnet, opnar dalen seg igjen og beiteområda kjem fram.
Fjella går bratt til fjells på begge sidene av elva og stølen ligg på ei smal stripe langs elva. Dei brukte beite på begge sider av elva. Det finnes brukar etter to bruer her. Her støla Larsagarden, Einargarden. Det er også ei tuft her etter selet til Torger Bjørnson Bolstad, husmann under Larsagarden. Han vart kalla for «Vossen».
Dette selet vart i si tid teke av ei snøskred. Flohaugen sette opp ei sankebu i tomten til Einargarden midt på 1990-tallet. Eliasgarden har også støla her, men kring 1850 tok dei til med støling på Langdalen.  Jostein Larsson Bolstad (1945 – 2008), meinte at grunnen var at det var for mykje skrømt på Fossen, men sannsynlegvis er grunnen vanskane med tilkomsten (elvane).
Siste året for støling her på Fossen var i 1951.
Men Larsagarden tok opp igjen stølsdrift med ysting her i 2013 og heldt deg gåande til 2016. Dei hadde med seg 11 geiter og dei to siste åra hadde dei mjølkekyr med seg. Men det var for arbeidsamt så dei leigde seg stølsrett i Berdalen.

Eit stykke framom Fossen finn vi Kalvaholten og Lønndalen. Kalvaholten har sikkert fått namnet sitt ved att brukarane på Fossen hadde ungdyra sine gåande her. Her var det lett å stenga dei inne så dei ikkje kom heim på stølen. I Lønndalen finn vi ei restane av ei løe. Har var det slåttemark. Siste som slo i Lønndalen var Nils Olson Bolstad(1834-1905), «Høyheims-Nils» som han vart kalla. Han skal ha båre høybørane på ryggen i frå Lønndalen og heim i Bolstad.
Ein skal ikkje sjå bort i frå at løetufta  også kan vera restane i frå eit sel i frå eldgammal tid.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet