Forminne i fjellet - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Forminne  - kulturminne i fjellet
 
Når vi ser på spor som vi finn i fjellområda i Mørkridsdalen visar det at ein har nytta utmarksressursar langt tilbake i tid. Vi finn fangstgraver, tufter, bogastille,  restar av steinbuer, heller-buplassar (herberge) og skålegroper. Det er også påvist ein audestøl i Mørkridsdalen. Truleg er det fleire, men dei er ikkje funnen enno. Dei fleste steinbuer eller restar etter slike er lokalisert til Rausdalen med sidedalane. Om vi ser på kva Rausdalen tyder så skjønnar vi kvifor dalen har fått namnet. Første stavinga Raus kjem av det norrønt rás  som har tydinga 'løp, veg, gangveg, krøttersti',  her har Raus tyding dyretråkk. Dalen var full av tråkk etter dyr. Vi kan anta at det var eit viktig område til å jakta villrein på.  Vi finn også spor etter tidleg utnytting av utmarksressursane i området rundt Åsetevatnet og andre områder i Mørkridsdalen. Det er ikkje påvist områder med steinalderbusetnad her, men ein må anta at veidefolket trekte innover i landet frå kysten i sommar halvåret. Etter kvart så har dei ha busett seg nede ved fjorden og dreiv vekselvis  veiding og jordbruk, etter kvart voks det fram gardar på desse områda. Forholda her ned ved fjorden var gode for å drive eit primitivt jordbruk. Etter ei viss tid vart det fastare busetnad på gardane og folketalet auka. Mengda av husdyr voks også så dei måtte sjå seg om etter beite  i fjellet for å spare på marka rundt gardane. Etter kvart voks det opp små samfunn i fjellet der dei var med dyra om sommaren. Folket livnærte seg ved å gå på jakt og drive jordbruk.
 
Eg kjem til å bruka desse utrykk under, her er ein kort skildring av dei.
Fangstgraver er ein stad der dei fanga t.d. villrein. Desse var som regel murt opp og var plassert i trekkvegen for reinen. Andre ord er dyregrav, reinsgrav, fangstgrop og fallgrav.
Tufter er spor etter gammal busetnad, ein plass der det har stått ein bygning. Her kan det vera ei tuft etter sel, fjellfjøs eller løe.  Ei tuft kan vera vanskeleg å tidfesta. Den kan vera av nyare dato men kan òg vera i frå førhistorisk tid.
Bogastille er ein stad der dei sat / låg med pil og boge, dei kunne ha med seg spjut her også. Bogestilla var halvmåneforma og primitivt oppmurd av stein dei fann på staden. Her kunne veidemannen liggja gjømd og venta på reinen. Villreinen vart leda eller gjaga i motbakke i forhold til bogestillet. Andre ord som vart brukt bogastelle og skytesjul.
Steinbuer var ein enkel steinbygning som det var stappa mose mellom steinane i muren. Desse vart brukt til overnatting då ein var på jakt og det var for langt til å dra heim.
Herberge var ein plass der veidemennene søkte til om natta i staden for å overnatta under berr himmel. Det kunne vera ein heller som dei hadde murt vegger i, eller under store steinar som danna eit holrom. Mange av herbergene låg høgt i terrenget, dei hadde kan hende ein dobbel funksjon, både å overnatta og ein plass dei brukte for å sjå etter rein i frå. Både herberge og steinbuer måtte vera kalde å overnatte i, spesielt om haustane.
Skålgroper er fordjupingar som vanlegvis har ein diameter på 4-5 cm og ei djupne på ikring 0,5 -1cm. Dei kan av og til vera større. Du finn dei vanlegvis i stein eller på svaberg. Dei opptrer i grupper på kvar plass ein finn desse. Kva funksjon dei hadde er ein i dag usikker på. Dei kan vera knytt til ofring eller andre ritual. Dei kan daterast tilbake til slutten av yngre steinalder og opp til den eldre jarnalder. Dei fleste er datert til perioden i mellom desse, bronsealderen.
Kolgroper kan ha blitt brukt til å tilberede mat i, eller stad der ein produserte kol for å vinna ut jarn.
Funn
Bolstad Sveidalen. Her skal det vera nokre overgrodde tufter, 8 – 10 meter lange. Truleg kan dette vera ein audestøl i frå ikring år 1000.
I Sveidals området er det også funne fangstgraver etter rein.
Fast. Her er det eit steinsel som skal vera i frå mellomalderen. Dette vart sagt i samband med ein eigedoms handel i Bolstad i 1851 at selet stamma i frå 1400-tallet. Det ligg fleire steinsel på Fast, men det er vanskeleg å datera slike sel. Det finnes også ein del tufter i området. Ved Fruli ligg det ei overgrodd dyregrav.
Fossen. Her ligg det to sel tufter. Den eine tufta brukte  eine sida på ein stor stein som eine veggen. Måla på innsida av murane er ikring 3 x 2 meter. Den har opning mot sør. Det er murt opp ikring ein halv meter med flat stein. Dette er selet til ein husmann som vart kalla «Vossen»
Den andre tufta ligg fritt, har murar som er ikring ein halv meter høg, yttermålet på tufta er 4 x 3 meter. Truleg er dette tufta etter selet til Eliasgarden.
Greindalen. Her ligg det tre steinbuer som dei har brukt når jegerar har vert på reinsjakt i området. Det skal også liggja to herberge langt inne i Greindalen. Den eine skal liggja ved Høgevardane og den andre inne i botn på austsida mellom to grøver på ikring 1280 m.o.h. Det ligg også eit herberge i austre munning av  dalen  i skråninga opp mot Greineggi på ikring 1200 m.o.h. Det er lokalisert minst ei fangstgrav vest om utløpsosen av Greindalsvatnet.
Heimsta Rausdalsvatnet, her ligg det ei fangstgrav midt i midt i turiststien på austsida av vatnet. Retninga av grava føl vatnet og stien og ligg ikring 6 -7 meter i frå vasskanten. Terrenget er bratt på oppsida av de. Den er fint oppmurt og er ikring ein meter djup. Elles er måla på den ikring 1,5 x 0,6 m. I dag er grava delvis gjenfylt  med stein.
Kaldrasvatnet, Her vart det ikring 1930 funne ein spjutspiss av jarn, nord om utløpsosen. Truleg er den i frå eldre jarnalder.
Langdalen. Mellom Liane og Langdalen er det ein haug som vert kalla Vetlestølshaugen. Her låg det ein forhistorisk støl på framsida av haugen på ein turr rabb. Ein ser restar av seks hesteskoforma tufter her, med opning i den eine enden. Murane er rasa saman, opp igjennom århundra er det danna seg mose og jord over dei. Eit eldstad er truleg visleg i midten av tuftene. Tuftene kan ein truleg datera tilbake til jarnalderen ikring år 300.
På dei gamle stølsvollen finn ein i dag berre ruiner, dei to siste sela som stod her vart teke av eit snøras i 1979.
Leirbotnnosi her ligg det minst ei fangstgrav vest for toppen.
Lønndalen, her finn vi ei tuft litt sør for Lønndøla attmed ein stor stein. Det er ein mur der som er ikring ein halv meter høg. Opninga inn i ruina går i langveggen i mot søraust. Her var det ein som vart kalla «Høyheims-Nils» som slo og han bar høyet her i frå og heim i Bolstad. Om tufta har vore brukt som støl i gammal tid kan ein ikkje seia noko om i dag. Men nett under tufta er det ein holt som vert kalla Kalvaholten.
Martadalen her ligg det ein del fangstgraver på sørbredden og søraust for utløpsosen. Ved inngongen til dalen ligg det nokre hellerar som vart brukt som herberge. Dei ligg på oppsida av stien som går gjennom  dalen.
Martadalsløfti her går det eit reinstrekk i eit markert søkk. I utgangen av søkket er det ein del fangstgraver så her må det ha vert ein gammal fangstplass.
Nobbi, her er det nokre steinar med skålgroper, ein finn dei i nokre sva og. I området ut mot Nobbelvi finnes det nokre bogastille.
Ofsarvatnet, her ligg det to bogastille på nordsida av utløpsosen. Den eine er bygd på berget og er halvmåneforma og er murt i 2-3 lag. På det høgste er den ikring ein halvmeter høg. Er litt utrasa.  Den andre er ei stein rekke som er lagt opp langs ei berghylle. På sørbredden i ei bukt ligg det to tufter. Den ein er truleg eit naust. Det andre er eit sel.
Osen her finn vi ei fangstgrav på vestsida av elvi på nedsida av brua. Dette er truleg ein fangstgrav til å fanga bjørn. Her ligg det også to tufter opp under bakken.
Rausdalen ved fremsta Rausdalsvatnet er det to steinbuer. Den eine ligg i litt oppe i den austre fjell sida rett opp for sundet i vatnet. Den andre ligg i sørenden av vatnet. På vestsida nett attmed stien ligg restane av ei jakthytte som jostedølene sette opp ikring 1900.
Attmed Heimsta Rausdalsvatnet på ein lausmasserygg ligg det to kullgroper. Den eine gropa er ikring 1.70 m. i diameter og ikring ein halvmeter djup. Det er antyding til ein voll rundt den. Nede i grunnen finn ein forvitra raud stein, som viser at det har vore sterk varme i den. Det er også funne kol av bjørk og einer her. Den andre gropa er litt minder i diameter enn den første. Dateringa viser at den stammar i frå ikring  år 300.
Skurvenosi her er det to fangstgroper i eit skar nordaust for toppen. Her går eit gammalt reinstrekk aust for to små vatn. Eine grava er samanrast, den andre ser ut til å vera fylt igjen.
Svartedalen midt på 1960-tallet vart det funne ein sterkt forvitra pilspiss av jarn. Den vart funnen på overgangen mellom Bolstad Sveidalen og Svartedalen. Det er vanskeleg å datera den men den er truleg i jarnalderen.
Torkjellsnosi her ligg det ei steinbu i skråninga sør for den høgste toppen. Ein har fin utsikt heimover Rausdalen her i frå.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet