Ei skildring av stølane til garden i Mørkridsdalen - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Stølar
 
Fyrst skal vi sjå på kva meining ordet støl har. Det kjem i frå det norrøne ordet stǫðull , plass der ein mjølkar buskapen. Det var nødvendigvis ikkje nokon bygning der. Budeia gjekk frå og til den plassen gjekk morgon og kveld. Men til lenge bort i frå garden dyra gjekk om sommaren, vart det for langt å gå dit morgon og kveld. Då vart det sett opp ein bygning der budeia kunne vera, eit sel. Der foredla ho mjølka. Det vart ikkje sett opp fjøs til dyra i Mørkridsdalen, dei gjekk ute i den tida dei var på stølen.
 
Fjellområda i Mørkridsdalen gjev god tilgang på utmarksressursar, i 1633 står det at fleire av bruka i Bolstad hadde stølar i fjellet. Men kor tid dei tok til med stølinga kan ein ikkje sei noko sikkert om. Men funn av skålgroper på høgareliggjande stølar i Mørkridsdalen kan indikera at det å senda dyra til fjells om sommaren allereie har sitt opphav i den yngre jarnalder. Områda rundt Åsetevatnet som t.d. Fast vart rekna som gode stølar.  I den eldre steinalder og tidlege middelalder ser ein at det var periodar med opptrapping og utviding  av jordbrukslandet nede i bygda og stølsbruk i fjellområda. Det førde i sin tur til at avdråtten i frå dyra auka og dette er med å auka smørskylda til ikring 310 kg i 1300. For å få ei slik smørskyld må dei ha utnytta utmarksressursane i dalen.
Stein sel på Fast
I 1633 vert det sagt at Yttrisgarden har stølar, ein må anta at det er Langdalen det er snakk om i tillegg til Fast.  På Fast er det eit gammalt steinsel som høyrer garden til. Kan hende det eldste i Mørkridsdalen.  Etter munnleg tradisjon etter Johannes Johannesson, (1819 – 1889), skal det vera bygd på først 1400 talet, men det er vanskeleg å eksakt tidfesta slike steinsel. Det skal ha blitt fortald til han då han kjøpte garden i 1851.
Bolstadgardane har òg støla på ein plass som vert kalla Langdalen allereie i den yngre jarnalder. Den forhistoriske stølen som var her framme låg oppe i  Vetlestølshaugen. Truleg låg Vetlestølen aude ei stund og når dei så tok til med støling her igjen, bygde dei sela i Tråi.
I år 535-536 e.Kr. skjedde det nokre uforklarlege fenomen med klimaet. Ein trur det var eit massivt vulkanutbrot som medførde ein kaldare periode. Dette medførde at det vart dårlege forhold for jordbruket og dermed svolt. Dette medførde til at det braut byllepest i det som er Istanbul i dag i år 541 e.Kr. Det medførte at folkemengda rundt om i Europa falt, ein må rekna med at det same skjedde her i landet også. Det kan ha medført at den førhistoriske stølen som låg i Vetlestølshaugen vart fråflytta. Det er uråd å seia noko sikkert om dette i dag.
Temperaturen var opp til fem grader varmare enn i dag, i frå steinalderen og fram imot den eldre middelalder, kan det tenkjast at det vart etablert stølar høgre oppe i fjellet. Det kan finnast merke etter slike «ødestølar» i området i dag som ikkje er blitt funne. Men det er funne tufter mellom Fjellsli og Austra, kan hende det er restar av ein slik «ødestøl». Bolstad Sveidalen kan og vera ein slik «ødestøl» som har overlevd fram til vår tid. Det er funnen ei pilspiss ein plass mellom Bolstad- og Haugs Sveidalen, og i funnområdet var det ting som kunne tyda på at det hadde stått ein bygning.
Brukarane på ein gard hadde rett til å støla kor dei ville innan for sameiga. Dei sette som regel  opp sel på to til tre plassar. Men dei kunne ta med seg eit sel å setja det opp igjen kor ein ville innan for området.
Husmenn under Bolstad hadde ofte sel åleine, dei og kunne setja opp sel kor dei ville i sameiga. Om dei ikkje hadde dyr på garden/plassen kunne han heller ikkje setja opp sel. Dei fleste husmennene hadde støl på Osen men det var sel både på Langedalen og Fjellsli som var eigd av husmenn.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet