Tursithytter i Mørkridsdalen - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Arentzbu
Allereie i 1888 kom Torger Sulheim på Eide med forslag til Den Norske Turistforening om å yte tilskot til ei hytte på Rausdalsete. Den 5.august skriv Johan Vibe:  «Torger Sulheim foreslog ligeledes, at der af turistforeningen skulde gives tilskud til en hytte ved Rausdalens sæter i Mørkridsdalen for at bane overgang mellem Skjolden og Fåberg i Justedalen.»
Men som vi skal sjå under Fjellsli så har DNT komet til at dei vil gje tilskot til ei turisthytte der i staden for på Rausdalsete.
Wilhelm Morgenstierne besøkte Rausdalsete den 14. juli 1891. Han var sekretær i Den Norske turistforening.  Han og Torger Sulheim hadde gått opp i frå Fossen til Fjellsli og vidare hit.
Han kom då med fyljande utsegn:
«For turisttrafikken var denne kvinderøst meget uheldig, thi turisthytten burde heller ligget ved Rausdalsæter end ved Fjeldslisæter».
Men kvifor sa han dette, det var vel denne segna her han hadde høyrt;
«Det var ein jostedøling som for fleire år sidan hadde bygsla grunn i Rausdalen, og sett opp ein støl her. Men som han vel hadde fått den ferdig, høyrde han ei kvinnerøyst, som spådde han landens ulukke, om han ikkje drog over fjellet igjen til si eiga bygd. Mannen drog det fortaste han kunne heim til Jostedalen igjen og stølen står der ubrukt den dag i dag.»

 DNT tok fatt i iden til Torger Sulheim igjen i 1943, men dei måtte leggja planane  til side sidan dei hadde ikkje økonomi til det. Men  om hausten 1945 tok dei kontakt med grunneigarane i Rausdalen om moglegheit til å festa ein tomt til ei turisthytte der.
Den 4. januar 1946 gav grunneigarane i Rausdalen Halvard J. Bolstad, Øystein J. Bolstad og Per J. Heltne fullmakt til forhandla med Den Norske Turistforrening om «overdragelse av Hyttetomt i Raustdalen og utdtede leigekontrakt.» Alle grunneigarane skulle skrive under på leigekontrakten.
Planane vart tekne fram igjen i 1954 då Fredrik Arentz’s legat vart oppretta.
Våren 1955 fekk Den Norske Turistforeining festekontrakt på ein tomt hos grunneigarane.
 Den 26.august 1955 var bygningssjef Carsten Brevik, Otto og Nils Elvøy, Claus Helberg og Halvard J. Bolstad  i Rausdalen for å måla opp tomten til hytta.
Otto Johanson Elvøy (1911 – 1983) var innleigd for å stå for bygginga av sjølvbetjeningshytta. Same hausten var Otto og broren Nils Johanson Elvøy (1921 – 1995) i Rausdalen å sette opp grunnmuren til bygget. Planen var at Nils Elvøy skulle køyra fram materialen til Dulsete på førjulsvinteren. På etterjulsvinteren skulle dei så ta materialen opp til Fossen å så vidare til Rausdalsete. Men slik gjekk det ikkje. Snøen gjorde det ikkje enklare for transporten. Den kom tidleg og mykje, elva fraus ikkje til. Temperaturen var heller ikkje samarbeidsvillig så snøen var laus og djup i frå låglandet og heilt til fjells. I Januar i 1956 tok dei til med transporten framover Mørkridsdalen, men det gjekk mange dagar med å laga til veg, dei måtte måka bort snøen på mang ein plass. Hesten sokk langt ned i den djupe og lause snøen. Man måtte også passe seg for snøskred.  Etter at dei fire, tre jostedøler og ein skjolding hadde hatt påskeferie, tok dei til å bruka ein skikjelke som dei drog materialen på, der ikkje hestane klarde det. Det var Nils og Otto Elvøy, dei hadde med seg syskenbarnet sitt Henrik Larsson Myklemyr (1920 – 1997), den siste var Sigurd Kristianson Havreberg (1916 – 1980) frå Skjolden. På ei vekes tid hadde dei klart å få alle dei tretten tonna med material fram til myra under Rausdalsete. Dei siste 100 metrane måtte materialen berast på ryggen.
Så tok bygginga til sist i mai, og i løpet av sommaren stod hytta klar. Den 18. august 1956 vart hytta innvigd. Sonen til Fredrik Arentz, Erik som hadde oppretta legatet ville vera med på opninga. Han hadde vore på tur med far sin her i området for 60 år sidan. No hadde han fylt 77 år, han hadde brukt heile sommaren til trening i Holmenkollåsen for turen opp til Rausdalen. Byggjekomiteen hadde ordna med eit sjøfly som skulle ta han, og Martin Mehren samt Hans Furuholmen til fjells. Flyet landa på Martadalsvatnet ein time etter det hadde teke av i frå Fornebu. Eit lågtrykk i Nordsjøen førde til at flyet ikkje kunne venta, så det tok av igjen med det same.
Om kvelden var det høgtideleg opning av hytta, som fekk namnet Arentzbu med flaggheising, middag med talar og fest til slutt. Sidan Fredrik Arentz sette stor pris på dette området var det naturleg at den første hytta som vart bygd for legatet vart plassert her og fekk namnet etter han.
Desse deltok: Erik Arentz, Carsten Brevik, Martin Mehren, Hans Furuholmen, Otto Elvøy og Claus Helberg. Claus Helberg var ein sentral mann i bygginga av Arentzbu, han var i ei årrekke inspektør i DNT.
Nils Elvøy var forhindra å vera med den kvelden. I tillegg til desse var Per Kristenson Svensøy (1913 – 1985), vert på Nørdstedalseter og Gulbrand Olson Bolstad (1896 – 1958) eigar av turisthytta i Fjellsli. For grunneigarane var Halvard Johan Bolstad (1894 – 1981) til stades, han vart også den første tilsynsmannen for hytta. I 1964 fekk han foreiningas fortenestemedalje for dette arbeidet.
Formiddagen etter opninga starta Erik Arentz, Martin Mehren og Hans Furuholmen turen ned til Skjolden i øsande regnvêr. Turen gjekk forbi Fjellsli og over til Åsetevatnet og ned Fastberget til Mørkrid og heim til Skjolden. Dei overnatta på Åsete før dei gjekk vidare ned til Skjolden dagen etter.
 Frå sommaren 1957 var sjølvbetjeningshytta Arentzbu i drift og det var utlagt proviant i den. Det var Luftforsvaret som transporterte inn proviant med C-199 transportfly. Den vart droppa i området og det var tilsynsmannen sin jobb å frakte den til lageret på Arentzbu. Det var eit slikt dropp med proviant som dei aldri fant igjen. Halvard J. Bolstad hadde med seg Knut Johan Erikson Flaten (1922 – 1975) på mange turar sommar og vinter for ettersyn og sanking av proviant. Han overtok som oppsynsmann etter Halvard J. Bolstad.
I dag har DNT to hytter på den gamle stølsvollen, her på Rausdalsete. Det er og sett opp ei sikringshytte her.
Riksantikvaren freda hytta i 2009, sidan den er eit godt døme på korleis ei sjølvbetjeningshytte vart bygd. DNT har restaurerte halve muraselet og bruker det i dag som lager.
Turisthytta i Fjellsli.
Det er plan om å setja opp ei hytte mellom Skjolden og Fåberg i Jostedalen samt Vigdalen og Nørdstedalseter. Derfor hadde Den Norske Turistforening sett seg om etter ein stad til å etablera ein overnattingsstad i Mørkridsdalen. Dei hadde sett på to forskjellige plassar Rausdalsete og Fjellsli. Valet falt på Fjellsli sidan det var ein støl i drift. Budeiene der hadde der teke seg av ein del turistar som kom forbi der. Dei hadde teke kontakt med ein av grunneigarane her, Ole Gulbrandson Bolstad (1858 – 1934). Den 19.juli 1890, var Wilhelm Morgenstierne frå DNT i Skjolden. Same ettermiddag dreg han og Ole G. Bolstad til Fjellsli. Med seg hadde dei Torger Sulheim.
 
Morgenstierne kommenterte køyreturen fram til Mørkrid at han hadde gått fortare, på den «meget dårlig kjærrevei».
Dei gjekk opp Fastberget og vart rodd inn til Åsete og gjekk derifrå over til Fjellsli.  Den 20. juli var dei tidleg oppe for å finna ein bra tomt til turisthytta. Dei fann ein tomt som dei alle var samde om. Wilhelm Morgenstierne oppfordra Ole Bolstad til å søke DNT om støtte til å setja opp turisthytta her. Ole G. Bolstad sende ein søknad til DNT. Vi ser i oversikten over korleis ein skulle bruka «statsbidraget» for 1890/91 i punkt fem står det.
«Gårdbruger Ole Guldbrandsen Bolstad, bidrag til opførelse af en hytte ved Fjeldslisæter på overgangen Lyster og Fåberg i Jostedalen.    Kr. 600,00.»   I kroneverdi (2019) utgjer det kr. 46.150,59.
 
Ole Gulbrandson Bolstad skaffa materialar til hytta og transporterte det fram til Fjellsli i løpet av vinteren 1890/91.
I juli 1891 gjekk Morgenstierne og Sulheim ein tur der dei starta på Skogadalsbøen og skulle gå til Fåberg i Jostedalen. På denne turen skulle han innom Fjellsli for å sjå kor langt dei var komme med turisthytta. Dei var i Fjellsli om morgonen den 14.juli men det var ikkje noko byggjeaktivitet der.  Materialane var komet opp og grunnmuren var ferdig. Dei hadde gått opp i frå Fossen der dei hadde overnatta og gjekk vidare via Rausdalsete og til Fåberg.
 
Hytta kom under tak i løpet av sommaren, men den vart ikkje gjort heilt ferdig. Bygningsarbeidet forsett sommaren 1892 og dei kunne ta i mot dei første gjestene i august. Hytta vart ikkje gjort heilt ferdig får i 1893. Den hadde eit opphaldsrom, tre soverom og eit lite kjøkken.
Dei første gjestene som kom til turisthytta kom den 4.august i 1892, det står at dei kom på ski, dei hadde truleg vert på ski på Spørteggbreen. Ser i gamle reiseguidar at det blir anbefalt å dra til Fjellsli for å gå på ski på breen om sommaren. Det var ein engelskmann med namnet J. J. Hoddinot og Torger Sulheim. Hoddinot hadde i slutten av juli vert med Sulheim på  klatring i Hurrungane.
Den 19. juli 1893 var Wilhelm Morgenstierne og Torger Sulheim i Fjellsli igjen etter ein tur i frå Sota seter. Han skriv dette i sin inspeksjons rapport.
«På Fjeldsli, var indredningen af det nye turisthus endnu ikke færdig, hvorover jeg var misfornøiet. På ca. 14 dage skulde dog alt være istand, og det ser ud til, at denne turiststation, der er meget heldig beliggende i et knudepunkt for de mange interssante fjeldovergange her, skal blive særledes bra.  Fjeldslisæter byder også ved de nærliggende store bræer på udmerket anledning til sommerskisport…»
Turistforeininga gav i 1893 eit tilskot på kr. 100,00  til innkjøp av segnetøy til turisthytta. Hytta hadde 8 sengeplassar men hadde madrassar til å ta i mot 12 gjester. Det var budeia i Gulbrandsgard selet som hadde ansvaret for turisthytta.
 
Den 16.juni 1908 var ein i frå DNT på reise gjennom området og han skriv fyljande om Fjellsli:
«Fjeldlisæter er et sjælden hyggelig sted med ægte sæterstemning og rent og godt stel. Men det er ikke saa greit for eieren at holde det gaaende med egen turisthytte med 8 senge, hvis besøket ikke skal bli bedre end hitil. Enkelte aar hadde der overhodet ikke været nogen turister deroppe og gjennemgaaende fra 5 – 10 personer om aareet. Det skal man ikke bli fet av.»
Drifta av turisthytta vart avvikla i 1956, då det var bygd ei ny hytte på Rausdalsete. I dag er det eit barnebarn av Ole Gulbrandson Bolstad har og vedelikeheld hytta.
Fast
Fredrik Arentz i lag med dotteri gjekk i frå Kronen i Jostedalen, over Spørteggbreen, Fast, Åsete og ned til Skjolden i 1893. Han overnatta hos Torger Sulheim på Eide, der diskuterte han turen med verten. Torger Sulheim kjem då med forslaget om at DNT skal setja opp ei lita bu ved Åsetevatnet.
Men det skulle gå 70 år, før det kom ein stad der turistar kunne overnatta ved vatnet. I 1964 leigde DNT to sel på Fast. Det var sela til Johannes H. Bolstad og Knut E. Flaten. Det var byggmeisteren på Arentzbu, Otto Elvøy, som fekk jobben med å byggja om sela til turisthytter. Dei stod ferdig til å ta i mot turistar i 1965. Det vart brukt midlar i frå Arentz’s til å setja desse hyttene i stand.
DNT leigde desse hyttene fram til 1995. I frå 1996 var det to andre sel som var omgjord til å ta i mot turistar. Det eine var steinselet til Åmundsgarden som vart totalrenovert. Det andre var selet til Jensagarden som også vart oppussa.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet