Ei skildring av garden Bolstad - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Garden

Om vi ser på garden Bolstad samla så er det ein svært gammal gard. Ein gard er ein plass med folk, bygningar og husdyr som har sit tilhald der, med utnytting av jord og planteproduksjon.
 
Han er nemnd ikring år 1300. Då måtte garden svara 16 månadmatbol til Jordanger kyrkje, til Dale kyrkje ½ laup smør.  Det halve laupet utgjer litt over fire månadmatbol. Det vil sei at Bolstad hadde ei skyld på litt over 20 månadmatbol. Om vi gjer dette om til smør vil det bli ikring 310 kg. Om garden måtte ut med denne mengda med smør og halda liv i gardens befolkning så må det har vert ein særs god gard på den tida.
 
Det er funne mange gravminne på Bolstad sitt område, desse låg som oftast nær det historiske gardsområdet, eller langs vegen til den. Gravminna er langt eldre enn den historiske garden. Bruken av gravhaugar gjekk ut av bruk tidleg i jarnalderen.  Garden Bolstad har truleg alltid lege på den øvre terrassen og den største konsentrasjonen av gravminne fann ein på den midtre terrassen, Høgamoen.

 
 Om garden har hatt namnet Bolstad i frå den tida då folk slo seg ned her, skal vera usagt, men truleg er namnet ein brukar i dag yngre enn på den tida då folk kom her.
   
Fjellområda i Mørkridsdalen gav god tilgang på utmarksressursar, i 1633 står det at Yttrisgarden hadde stølar i fjellet. Funn av skålgroper på høgareliggjande stølar i Mørkridsdalen kan indikera at det å senda dyra til fjells om sommaren allereie har sitt opphav i den yngre jarnalder. Områda rundt Åsetevatnet som t.d. Fast vart rekna som gode stølar.  I den eldre steinalder og tidlege middelalder ser ein at det var periodar med opptrapping og utviding  av jordbrukslandet nede i bygda og stølsbruk i fjellområda. Det førde i sin tur til at avdråtten i frå dyra auka og dette er med å auka smørskylda til det den var på 1300-tallet.

 
Store deler av garden har vore kyrkje og klostergods. Garden er fleire gonger nemnd oppover i mellomalderen. I 1522 var det fem bruk her og i 1536 var det seks, men det er i dag uråd å skilja ut desse. Ikring 1600 var det også seks men no er det mogleg å skilja dei ut. Om vi brukar namna som dei har i dag så er det.  Yttrisgarden, Bakkagarden, Åmundsgarden, Flohaug, Larsagarden, Gudbrandsgarden og Eliasgarden.
 
Bruka i Bolstad har hatt mange ulike nummereringa opp igjennom åra, men eg vel å bruka nummera etter matrikkelen i frå 1906.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet