Heimestøl - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Heimestølar
Mange av gardane i Bolstad hadde Heimestøl, dei låg på gardens eigen grunn. Nokre heimestølar låg i samband med slåttemark som gardane hadde frametter dalen. Den første vi kjem til, Vindegjerde, Ligg på vestsida av dalen. Litt lenger framme har vi Øyastølen. Ikring to kilometer lenger framme finn vi Vinjane. Den ligg ved grensa til bnr. 6  Kreken.   
Fram forbi Mørkrid der dalen utvidar seg igjen finn vi eit område med vårstølar. På austsida av dalen mellom Bratten og Hødnevollen vart det etablert nye heimestølar etter utskiftinga runde  år 1900.  Under utskiftinga var det her lodda ut  teigar som vart private. På ein del teigar sette eigarane opp sel  og brukte teigen som vårstøl. Utskiftinga var ferdig i 1907.
Her finn vi Bratten, Gudbrandsdalen, Rustadgjerde, Bolstaddalen og Hødnevollen.
Før utskiftinga hadde detter frodige området blitt nytta som felles slåttemark. Namn som tyder på at området vart brukt som slåttemark finn ein på Rustadgjerde, her er det eit område som vert kalla Hesjabakken.
Etter utskiftinga kunne ein berre oppføre sel på det området ein eigde sjølv.
Utmarka i området var svært viktig for fòrhausting til vinterbruk, i tillegg til beiting i sommarhalvåret. Her låg mange gjerde som ein nytta til slått. Det vart slege i heile utmarka og høybørene var båre ned eller sendt på streng ned i dalen. Ein finn spor etter løer og hidlera som vart nytta som høylager.
Det vart hesja i området heilt Brattabrua gjekk i ein storflaum først på 1970-tallet.
Her veks frodig skog av alm, or og bjørk .På lune plassar opp under fjellet kan ein finna linde tre.  Alm som vart brukt som å risa på ettervinteren og våren. Ein nytta lauv av bjørk og or nytta som for. Ein lauva trea, batt det i kjervar som vart lagra til bruk om vinteren.
Vårstølane vart teke i bruk så fort at det var nok beite for dyra der om våren. På den måten sparde dei graset til slåtten. Heimestølane vart også brukt om hausten når dyra kom ned igjen i frå fjellet.
Vindegjerde, her står eit sel og ei løe som tilhøyrer bnr. 52. Her var det slåttemark og beiteområde
Øyastølen, stølen her høyrer til Gudbrandsgarden, på område var det slåttemark med løe. Det er og eit sel og eit uthus på beiteområde. Vindegjerde vart skilt ut i frå Gudbrandsgarden då den vart delt i to deler i 1925.
Vinjane, her står det eit sel som vert eigd av Ekrebakkgarden.
Bratten bestod av to stølar, Larsagarden var eigar av den som låg til høgre for brua. Naboeigedommen var det Einargarden som var eigar av, der stod selet i fremste merkelinja.
Gudbrandsdalen vart område mellom fremste Bratten og Rustadgjerde kalla. Det har fått det namnet sidan det var Gudbrandsgarden som eigde. I 1927 vart området delt i to, då vart bnr. 52 skilt ut som eige bruk. Selet som sto på eigedomen vart flytt opp til Veiane og brukt som kvilebu der. I dag står det berre ei løe igjen her.
I området mot fremste Bratten ligg det tufter etter bygningar, truleg løer.
Rustadgjerde var heimestøl for Yttrisgarden bnr.10, etter at bnr. 35 vart utskilt, var det bnr. 35 som støla her. Fjellsida her vitnar om at gjennom århundra har gått store jervar (jord- og steinskred).
I eldre dagar gjekk vegen fram til Hødnevollen og til fjells gjennom gjerdet. Den vart lagt i bakken ut forbi når det var bygde bilveg fram.
Rustadgjerde vart rasert under storflaumen 18. oktober 2018. Selet som stod her tok elva med seg. Eigaren har i 2019 fylt opp eigedommen her med masse i frå elva og lagt på jord på toppen.
Bolstaddalen òg kalla Jensadalen ligg på austsida av dalen. Desse stølane låg på privat mark og desse bruka hadde vårstøl her: Jensagarden, Åmundsgarden, Bakkagarden og bnr.60.
Stølsområdet ligg på ei flat elveflate omlag 90 moh. Området bak sela er ikkje så prega av rasmark som området bak Rustadgjerde.
Etter at brua i Bratten kom så har det vert køyreveg gjennom her fram til Hødnevollen.
I byrjinga det var det ein kjerreveg men i dag er det bilveg fram, den vart sist oppgradert etter storflaumen i oktober 2018.
I området finnes det og ruiner/ rester av løer /utmarksfjøs her.
Det står ei lita løe her, tilhøyrer Bakkagarden, som truleg er svært gammal ut ifrå oppbygnaden.

Hødnevollen var heimstøl for Flohaug. Her hadde dei og slåttemark. Selet som står her var ei husmannsstove som vart flytt fram her.

© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet