Oldtidskyrkja på Bolstadmoen. - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Oldtidskyrkja på Bolstadmoen.
 
Etter segni skal den første kyrkja lege øvst oppe på den midterste terrassen, det vi sei Bolstadmoen, og kalla Høgamoen. Rundt 1900 skal Gjert Heiberg ha fått påvist plassen der den hadde stått. Heiberg skriv ein plass at han kunne sjå spor etter ein gråsteinsmur. I dag er segni gått i gløymeboki.
 
Garden Bolstad er svært gammal, truleg var det fast busetnad her allereie på i 300-tallet sidan vi finn mange gravhaugar som er datert til den tida, og at den ligg lengst inne i ein fjordarm så må det etter mi meining ha vore eit norrønt gudshus, Hov,  i området.
 
Fleire andre ting som gjer at ein kan meina at har vore eit Gudehov her er at  eit større gravfelt er avdekka her på Høgamoen, det vert rekna som Vestlandets største felt samla på ein plass. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at her har vore eit større norrønt gudehov, kan hende det også var Vestlandets største. Strategisk var staden god for eit Gudehov og seinare ei kyrkje her, sidan staden gjev godt utsyn utover fjorden og ein hadde og kontroll med dei som kom ned i frå fjellet. I dag finn ein restar av ein gammal sti som gjekk opp etter eggen i frå Høgamoen og oppover til Bolstadnosi. Oppe ved Stegaholten tar stien av mot Hjerseggi. Der i frå går stien over Kyrkjestegen og bort til Fortun. Om den marine grense var fem meter høgre enn den er i dag så sjekk sjøen opp til området nedafor Bjørnsteinsøy. Ved å bruke denne vegen kunne ein gå tørrskodd til Fortun utan bruk av båt. At det vart reist ei kyrkje der eit Hov låg er heilt naturleg sidan plassen allereie var heilag, kan hende at dei tok Hovet i bruk som kyrkje. Gudehova vart plassert i ei rett linje i frå der sola stod opp i aust og vatn i vest. Det skal vera funnen ein bautastein i tomten der kyrkja stod, den vart frakta opp til Bolstad og murt inn ein fjøsmur, der den ligg den dag i dag.
 
I restane av segni vert også fortald om ein kyrkjegard  på flata nedunder kyrkja. Truleg der ein i dag kalla Bakarvollen. Under graving av ein brønn der kom ein over ein hovudskalle i lag med bein.  Dei grov litt djupare for så å kasta alle beina dei såg ned der, så vart brønnen greven på igjen.
 
Då Olav Tryggvason,(968 – 1000,) vart konge i Norge ikring 995, var kongsgjerning hans å kristna Noreg, han drog rundt om i landet å bygde kyrkjer og dreiv misjonering. Han hadde truleg med seg prestar i frå England. Men på Vestlandet var kristendommen allereie kjend, og om den var kommen inn i dei indre området som her veit ein ikkje. Men sidan sjøen var ein viktig ferdselsåre skal ei ikkje sjå vekk i frå det. Hovet kan vore omgjort til kyrkje på slutten av 900-tallet.? Men kor djupt kristendommen sat i folket er ein annan del av historia.
 
Noko riksdekkande kyrkjeorganisering kom ikkje i stand før på tingmøte på Moster i Sunnhordaland i 1024, der Olav den Heilage deltok.  Olav den Heilage falt i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Allereie året etter vart han gjort til helgen. Hans lekam vart gravd opp og plassert i eit skrin. Skrinet vart så plassert på høgalteret i Clemenskirken i Nidaros. Dette skjedde den 31. august 1031.  Her stod Olavsskrinet i 35 år då det vart flytt til Olavskyrkja.
 
Sidan Olav Haraldson «den Heilage» vart gjort til helgen i 1031 medførte dette at folk tok til å valfarta til Nidaros. Ei av rutene dei drog var i frå Bjørgvin og til Nidaros via Sognefjorden.  Pilegrimar kom då inn fjorden til Skjolden for å ta seg vidare til Nidaros over fjellet mellom Sogn og øvre Gudbrandsdalen. I den eldste tida må ein anta at dei gjekk den kortaste vegen over, frå Ormelid og over til Høydalen, Oldtidsvegen. Seinare må dei ha flytt vegen over til der han går i dag, etter namna å dømma, Helgedalen på sognasida og Krossbu på dølesida.
 
I den forbindelse må dei ha flytte kyrkje i frå Bolstadmoen opp til Fortun. Stavkyrkja i Fortun, Fortuns Kirkja, er første gongen nemn i 1323. Men den er flytt før den tid. Pilgrimstrafikken auka på utover på slutten av 1000-tallet, sidan skikken var at dei skulle ha kyrkja si velsigning før dei kryssa over fjellet, var det naturleg å få ei kyrkja så tett på fjellet som mogleg.  Når dei kryssa over fjellet kom dei ned til ei kyrkja i Bøverdalen. Den første kyrkja der stod på garden Uppigard Galde. Når dei var kommen velberga over fjellet var dei innom kyrkja for å takka Gud for at det hadde gått dei vel på vegen over fjellet.
 
Stavkyrkja som stod i Fortun må ha vore flytt ein gong i si historie. Når dei demonterte den, etter den var seld, fann arbeidarane ein gammal nummerering av tømmeret. Det viste seg at den ikkje var sett opp igjen så same måten som den var teke ned på ved den første flyttinga.
 
Ei gissing er at oldtidskyrkja på Bolstadmoen vart flytt til Fortun rundt år 1100.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet