Raudehidleren - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Raudehidleren
 
I fjellsida over Eidsvatnet på ikring 140 meters høgde, er det ei stor berghole. Den ligg bratt til i ein fjellskrent, og det har danna ei ur på utsida av nedraste steinar. Botnen innanfor ligg ikring tre meter lågare enn toppen av ura.
 
I dag veks det furu, alm og bjørk i dette området. Det er også førekomst av det varmekjære treet Lind (Tilia cordata) i området. Tresorten er truleg innført som nytteplante tidleg i vikingtida.
 
Høgda på berghola er ikring ti meter, og breidda på den er ikring tolv meter. Den vert gradvis smalare innover til ikring åtte meter. Botnen går på skrå innover, og det har falt steinblokker i frå taket som ligg der. Taket skrånar bratt innover frå ytterkanten og inn til botnen.
 
Inne i berghola er det vorte murt opp to omtrent parallelle murar ein eller annan gong i berghola si historie. Murane er ikring fem meter lange og avstanden mellom dei er ikring to meter. Området mellom dei er jamna ut, jorda er reinska for stein. Det er brukt brun jord til å fylla imellom dei og det er fylt opp til den inste murens overkant.
 
Det har ikkje vert arkeologiske utgraving i berghola, men eigaren av området grov opp ei hole på ein gange ein meter på 1960-tallet. Han fann restar av villdyr, bein av fisk, skjell, kløyvde knoklar, hovudskallar og tenner. Massen han grov ut var feit svart jord.
 
Sidan det ikkje har vore arkeologiske utgravingar her er det vanskeleg å tidfesta kor til i vår historie den vart nytta som buplass. Men på grunnlag av det som vart grave opp, må ein kan hende tru at det var veidefolk som hadde sitt tilhald her. Den marine grensa var på om lag 130 meter i forhold til i dag. Det var for ikring 10.000 år sidan. Det vil sei at berghola låg i strandkanten. Det er funne spor etter dette veidefolket ute ved kysten av Vestlandet som er ikring 12.000 år gamle. Det er lite truleg at berghola vart nytta så langt tilbake i tid. Om vi går fram i tid til ikring 8000 år tilbake, så er det funne spor etter veidefolk ved Styggevatnet. Samstundes hadde den marine grensa gått ned til 60 meter. Truleg nytta dei denne berghola som sommarbustad, for så å flytta ut til kysten om vinteren. Men oppigjennom tusenåra så vart buplassane meir permanente og ein gjekk bort ifrå å bu i berghole.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet