Fjellstølane - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Fjellstølar.
Fjellstølane til Bolstad låg over skoggrensa, dei låg vanlegvis mellom 800 – 1000 m.o.h. Vegetasjonen her består for det meste av vier, dvergbjørk og tett godt gras. Stølen som låg lengst framme i Mørkridsdalen er Rausdalsete. Lenger nedover dalen finn vi stølen Nobbi på vestre side og Fjellsli ligg på austsida av dalen. Desse stølane ligg omtrent rett overfor kvarandre og ikring same høgde. Eit stykke i frå Fjellsli ligg det ein aude støl  Tuftadalen. Ved kløyvjavegen opp Nobbabakkane ligg Nyhammar. Overfor Langdalen på austre sida ligg Bolstad Sveidalen. På fjellet over for Hødnevollen ligg stølen Stilla.
Bolstad hadde òg stølar ved Åsetevatnet, Osen og Fast. Fast vart regna for ha det  beste fjellbeita i dalen. På Fast finn ein også eit steinsel som er svært gammalt 400 - 500 år.
Stilla er ein fjellstøl som ligg på 932 m.o.h. Den er plassert rett opp for Hødnevollen.
Segna seier at stølen fekk namnet sitt ved at folket på Yttri liste (stilte) seg inn på området.
Ruinane ligg ca. 120 meter i luftlinje inn forbi kanten på gjelet, Stillebotn. Ei tredje ruin ligg litt lenger borte i frå dei to andre. Det største selet her oppe er ikring ni gange fem meter. Stølen er truleg svært gammal, kan hende så langt tilbake til 1400 talet eller eldre.  Stølen ligg på utmarks området til Bolstad. Truleg har ingen av Bolstad bruka nokon gong støla her. Der i mot veit vi at Yttri støla her til ikring 1800, då dei flytte til Utladalen.. Det er også sagt at Holmestad brukte Stilla som støl men det veit ein ikkje sikkert i dag.
Bolstad Sveidalen, til dagleg kalla Sveidalen ligg på austsida og rett opp i frå Langdalen, på 995 meters høgde. Langdalen ligg på 475 m.o.h. så stølsvegen opp til Sveidalen er bratt. Det går opp to vegar i frå dalbotnen , ein opp Nilsabakkane og den andre opp Heltnabakkane. Den eldste kløvjavegen gjekk gjennom fremsta Dalaholet og oppetter lia i bakkant av Holten, for så å fylja fjellryggen opp til Sveidalen. Ein av brukarane i Åmundsgarden bygde i si tid eigen kløvjaveg opp her.
Den gjekk opp ein eller anna stad i frå myrane mellom Liane og heimsta Dalaholet.
Stølen vart i si til brukt av Åmundsgarden, Bakkagarden og Gulbrandsgarden.
Bakkagarden flytte til Osen og Gulbrandsgarden til Fjellsli.  Her finn ein restar av fire steinhus, truleg er tre av dei sel. Det siste var truleg brukt som fjøs.
Det skal vere nokre overgrodde tufter i området, dei kan truleg vera i frå førhistorisk tid. Truleg i frå same tidsperiode som stølen i Vetlestølshaugen. Sveidalen må då ha vert ein audestøl i si tid. Kan vera at han vart teken i bruk igjen etter svartedauden, då folketalet og gardane nede i bygda voks.
Mykje tyder på at det finnes spor etter dyregraver i område Bolstad Sveidalen -Sveidalsnosi – Haugs Sveidalen. Det er funne ein pilspiss av jarn i Svartedalen, den må ha lege i Sveidalsbreen ei god stund sidan den var mykje forvitra når den vart funnen.  Den er truleg i frå ein eller annan gong i jarnalderen.
I Juli i 1837 vart ein framtidig brukar av Bakkagarden fødd i Bolstad Sveidalen, datoen var den 31. Det var Østen Jensson, han var på stølen i lag med mora, Anna Olsdotter, til dei buførte heim den hausten.
Den 3. august 1896 kom Fredrik Arentz, Therese Bertheau og Torger Sulheim opp til Bolstad Sveidalen, Dei hadde gått opp i frå Langdalen. Han skildrar stølen som «forladte, forfaldne Svaidalsæter».
Område vert i dag nytta som beite til sau, og i 1990 vart det sett opp ei sankebu på den gamle stølsvollen
Nyhammar. På heimsida av Grasøygrovi i Nobbabakkane finn vi ei gammal seltuft. Den ligg på ikring 700 m.o.h. I hammaren ved tufta er det ein ring. Den vart brukt til å bitta hesten. Det var ein husmann Torger Bjørnson Bolstad i Heimsnes som sette opp sel her. Han hadde plass under Larsagarden. Han flytte stølen her ifrå og ned på Fossen. Det er knytt ei segn til denne plassen. Det er ei lita tjødn her, som ei trollkjerring brukte til å vaska ut saupet i smøret. Kløvjavegen i frå Langdalen gjekk forbi ikkje så langt i frå tufta.
Nobbi ligg på ikring 910 m.o.h. Her hadde Flohaugen, Larsagarden og Einargarden sel. I dag er det igjen to sel her. Selet til Einargarden som vart bygd i 1926 står det berre murane att av i dag. Dette selet hadde to rom.  
Selet til Flohaugen er svært gammalt, truleg var det denne garden som første tok til å støla her. Både sel og skot er bygd i stein, òg opphaveleg var selet tekt med never og
torv. Over skotet var det heller. I dag er selet dekt med bølgeblekk. Nedanfor selet ligg dei ein haug som er flat oppå, Søndagshaugen, samlingsplass for budeiene. Selet til Larsagarden var bygd i 1887. Dette selet er også bygd i stein og tre. Sele var tekt med never og torv, medan det var heller over skotet. Det kom i frå Dulsethaugen og skåre med handsag. Men etter at skotet vart utvida i mellomkrigstida fekk skotet bølgeblekk tak.
 
På svaberget ved Flohaugselet finn ein skålgroper, Det er òg groper i nokre steinar i området. Desse skålgropene viser at det må ha vore aktivitet i dette stølsområde allereie i førhistorisk tid. Det er ikkje lett å datera slike gropen, men truleg er dei i frå overgangen mellom den yngre jarnalder og bronsealder, eller eldre. Om området vart brukt som støl eller var det ein brukte det som sesongbustad kan man ikkje gjere greie for i dag.

Opp forbi Nobbi ligg det ein morenehaug, Glytthaug, her måtte ein akta seg når ein gjekk forbi. Inni den budde huldrene, og dei måtte ein halda seg til venns med. Halvard Johan Bolstad (1894-1981) fortalde at han ein gong gjekk å sette seg på toppen av haugen. Han tok av seg brillene og la dei på hua att med seg. Han skulle bruka kikkerten for å speida etter sauer. Samtidig villa han ha mat og kaffi. Han slo kaffi i koppen pakka opp nista og la den attmed seg. Når han var ferdig med å sjå i kikkerten og ville eta, var brødskivene borte og kaffikoppen snudd opp ned og brillene var borte. Han leita rundt i lyngen, men fant verken brillene eller maten igjen.
Rausdalsete ligg på 880 m.o.h. Stølen har truleg aldri vore brukt av Bolstadgardane. Rausdalen ligg i forsettelsen av Mørkridsdalen og ligg innan for sameige til Bolstad.
Stølen ligg i lia eit lite stykke i frå Heimsta Rausdalsvatnet
Her sette Søren Larsson Aasen (1809 – 1903) opp eit stølshus ikring 1850. Han hadde ikkje rettigheiter til å byggja støl her men det brydde han seg ikkje om. Han var godt kjend i dette området sidan han hadde vokse opp på øvre Fåberg. Sidan det var dårleg med stølsområde runde Åsen i Jostedalen,
kom han til å tenkja på at Rausdalen kunne egna seg til å ha ein støl. Han sette opp selet den eine sommaren med hensikt å komme tilbake med dyra året etter. Men så skjedde ikkje. Det var så mykje snø at han ikkje kom fram med bufòra si, så han gav opp.
Den fyrste og einaste som støla her var Anders Olson Fjøsen (1844 – 1926). Han leigde stølsrett av Bolstad. Han sette istand og tok i bruk selet som stod her, truleg ikring 1870. Det var lang og tung stølsveg i frå Fjøsne og til Rausdalen, så det var ikkje så mange åra Anders var i Rausdalen. Han leigde seg stølsrett på Åsete, der han støla fram til 1920. Han bygde seg då sel på Gurosete og flytte dit.   
Ved Fremsta Rausdalsvatnet på 1000 m.o.h. finn vi ei tuft. Restar av tømmer finnes i området. Det var ei jakthytte som jostedølene sette opp ikring 1900. Det var Ola Hesjevoll og Andreas Horpen i lag med andre jostedøler som frakta hytta i frå Fåberg og sette den opp her. I Rausdalen finn ein mange «herberge», i dag kjenner ein namnet på to av dei. Det er Bakkemannen som ligg nesten fremst på austsida av Fremsta Rausdalsvatnet, og Geiti som ligg i helling opp mot Torkjellsnosi. Denne er truleg av nyare tid og oppmurd av jostedøler.
Det går ein gammal kløvjaveg gjennom Rausdalen, frå Skjåk og til Skjolden. Det finnes spor etter denne mellom fremsta Rausdalsvatnet og Kollbreen. I Tverrådalen i Skjåk  finnes det restar etter ein veg som i gamle skriv er nemnd som «hesteveg». Dette er vel vegen som gjekk over til Rausdalen. Det vert fortald at det ikring 1820 kom eit fylje med «20 heste ifølge fra Gudbrandsdalen til Sogn med beg og tjære.»

Turisthytta Arentzbu ligg under Turisthytter.
Fjellsli ligg på 990 m.o.h. Stølen ligg over tregrensa, men dei har rikeleg med ved under seg. Gudbrandsgarden bygde ei bane ned i Kattårlali. Den hadde to strenger, han sende ned baggar med vatn og opp kom veden. Bukken står der enno. Her hadde Gudbrandsgarden, Eliasgarden og Bakkagarden sel. I tillegg er dei ei ruin som tilhøyrer Bakkagarden. Larsagarden leigde i nokre år eit sel og støla her. Eliasgarden sitt sel skal etter munnleg tradisjon vera oppsett ikring 1850. Tømmeret til det er hogge i Kolstadmarka. Eliasgarden slutta med stølinga her ikring 1950. Det er også to ruiner her, der stod sela til Anna Ellefsdotter Bolstad (TeigAnna)(1836 – 1913), og Anna Maria Guttormsdotter Bolstad (GuttormMaria)(1877 – 1971). Begge desse sela var bygde i stein.
Gulbrandsgarden støla i her til 1958, året før vart drifta av turisthytta avslutta. Den siste budeia her var Brita Johanna Hansdotter Mørkrid (1899 – 1978). Gulbrandsgarden fekk eit tilskot på kr. 600,00  i frå Den Norske Turistforeining for å setja opp ei turisthytte her. I kroneverdi(2019) utgjer det kr. 46.150,59. Dei første gjestene besøkte hytta i august 1992. Hytta hadde 9 sengeplassar men hadde madrassar til å ta i mot 12 gjester. (meir om denne hytta under  Turisthytter).
Det var ein kar oppe i frå Berge i Fortun, Jens Nilsson Fuglesteg (1898 – 1975), som ein vinter spora ein jerv. Han hadde sporet og ville ikkje gje seg sjølv om det stunda til Jul. På Julaftan nærma han seg Fjellsli, dit hadde han tenkt seg for å feira Jul i eit av sela der. Men han vart overraske av eit fælsleg vêr med sterk vind og snø. Han var ikkje så langt unna sela, men klarde ikkje å ta seg dit. Han krabba seg opp mot ein heller og der grov han seg inn. Der vart han liggjande heile Julaftan og til langt ut på første dag Jul, før uvêret løya så mykje av, at han kom seg inn i eit av sela. Med til historia høyrer det til at jerven som han jaga ikkje vart så gammal.
Tuftaedalen ligg på ikring 990 m.o.h. og er i dag ein audestøl. På vegen mellom kloppa over Austra og Fjellsli, passarar vi den gamle stølen, som
vert kalla Tuftadalen, den ligg ikring 700 meter sør for Fjellsli. I dag finn vi berre tufter etter den. Denne stølen vart flytt inn til Fjellsli på tidleg 1800-tallet eller på slutten på 1700-tallet. Når dei flytte stølen tok dei med seg mursteinane  og murde sela opp igjen på den nye stølen. Truleg var det for vêrhardt her så dei flytte stølen inn til Fjellsli som ligg litt lunare til.
Fast ligg på 850 m.o.h. i nordvestre enden av Åsetevatnet. Her hadde Bolstad og Heltne støl. I 1907 vart stølretten til Kreken på Fast seld til Johannes Johannesson (1878 – 1953) på Moen.
Desse hadde sel på Fast: Heltne (21/ 1 og 4); Moen (24/ 2); Yttrisgarden (20/ 10 og 35); Jensagarden; Åmundsgarden og eit sel til den utskilde delen av Gudbrandsgarden. Eliasgarden støla også på Fast til ikring 1850, då dei flytte til Fjellsli. Det finnes også ein del spor etter tufter rundt om i terrenget.

På Fast er det eit gammalt steinsel som høyrer Yttrisgarden til. Kan hende det eldste i Mørkridsdalen.  Etter munnleg tradisjon etter Johannes Johannesson, (1819 – 1889), skal det vera bygd på 1400 talet, men det er vanskeleg å eksakt tidfesta slike steinsel. Dette skal ha blitt fortald til han, då han kjøpte garden i 1851. Dette selet står på ein tørr plass i foten av Fagerhaug, og det er bygd av tørrmurt stein og det var brukt steinheller som tak på heile bygninga. Selet har to rom, sel og skot, men hadde kanskje berre eit rom i starten. Inngangen er i gavlveggen mot sør. Ein kom då inn i skotet og vidare inn i selet gjennom ei dør i skiljeveggen mellom sel og skot.
 
Fast må vera ein gammal støl. Om vi ser på nabostølen Åsete så er her funne skålgroper. Skålgropene syner at det har vore aktivitet her i forhistorisk tid. Sidan det har opphelde seg folk ved Åsetevatnet i denne perioden, er det sannsynleg at dei gode beitene i området har spelt ein økonomisk rolle i samfunnet. Det er ikkje funne bustadar etter desse folka i området. Kan hende at det hadde buplassane sine lenge opp i frå sjølve vatnet og dei enno ikkje er funnen.
Åmundsgarden har også eit gammalt steinsel her, kor gammalt det er uråd å seia. Den Norske Turistforeining leiger det, og det stod ferdig restaurert og klar til å ta i mot turistar i 1996. Jensaselet vart også utleigd til DNT i frå same år. Det er også ei ruin av eit steinsel til som tilhøyrer Jensagarden.
 Fast vart rekna som den beste stølen i Mørkridsdalen, rikeleg med frodig gras og vatn. Dei støla her i frå midt i juli og til i slutten av august. Det var heilt slutt med stølinga i 1958.
Det var ikkje skog på Fast, men det var gode torvmyrar. Så fort snøen var borte om våren var dei oppe her å skar torv. Den vart så tørka og samla igjen når den var tør. Men dei måtte ha ved for å fyr på den, og den hogg dei på Kvitafjellet. Kvitafjellet ligg rett opp for Kreken. Dei kløvja veden der i frå og inn på Osen og der ifrå med robåt inn på Fast.
Eit sermerke med Fast, er at det ikkje fanst utedo der. Under austre fjellsida ligg det ein stor stein som har klovna i to, under den tok folket ein tur når dei trengte det. Når budeiene gjekk dit sa dei at det skulle «til kyrkje». Desse steinane vert kalla for «kyrkja».

Osen ligg på rundt 850 m.o.h. Stølen ligg i den heimste enden av Åsetevatnet. Den vart  rekna for å vera ein husmanns støl men etter kvart flytte ein del bruk stølinga si hit. Det var Ekrebakkgarden, Flohaug, Einargarden og Sandalunden. Husmenn i frå plassane Skjolden 3 som låg under Larsagarden og Vatnet 1 som låg under Åmundsgarden hadde eit sel i lag. Dei slutta med stølinga her først i 1920-åra, for i 1924 kjøpte Øystein Bjørk selet deira. Han hadde bruk nr. 4 under Heltne. Han støla her til i ikring 1950 og selde då selet til eigaren av Bakligarden (Bolstad b.nr. 16). Plassen Naustvold 2 hadde også sel her, den var under Gulbrandsgarden. I dag er det Bolstad b.nr. 95 Vatnet som eig det selet. I tillegg finnes det to tufter i området.
Til liks med Persli så skal det vera ei tuft her på Osen, som vart brukt av ein plass på Havhella. Truleg var det i denne tufta at husmennene i frå Skjolden og Vatnet sette opp sel –  (eller restaurerte det som stod her).  Sjå Persli for meir om korleis Havhella fekk støla her.
I 1979 vart det oppretta eit byggjefelt i vestre fjellsida som bygdafolk kunne setja seg opp ei hytte. Det er i dag eit tjuetalshytter og sel på stølen.
Dei fleste husmennene støla på Osen, sidan det var kort ved ned til bygda med avdråtten og kort veg til ved. Dei mått bera veden som dei brukte på ryggen til støls. Dei måtte også bera det dei produserte på stølen  på ryggen ned i bygda sidan dei ikkje hadde hest.
Det var mange robåtar på Åsetevatnet. I eldre tider var dei bårne opp Fastberget. Nausta til dei låg her på Osen, på begge sider elva. Ein del båtar vart også lagt opp under eit stor heller. Den vart kalla for Migande.
På vestsida av elva ligg det ei dyregrav, den er overgrodd av lyng og mose. Storleiken på den er ikring 2 x 1 meter, murane er samanrast. Sidan den ligg ved Bjødnevadet og Bjødnafossen så var dette ei fangstgrav for bjørn.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet