Skildring av gravhaugar funne under garden Bolstad - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Gravhaugar

Folket som har ferdast og budd i Skjolden i tusenvis av år, har ikkje etter late seg mange synlege spor. På området til Bolstad låg det mellom 30 og 50 gravhaugar, som i dag alle er utgravne og borte.
 
I 1881 grov B.E. Bendixen ut 16 gravhaugar på Bolstadmoen, han registrerte også haugar, alle var branngraver og dei var i frå eldre steinalder medan ei kunne vera i frå yngre steinalder. Det vart funne gjenstandar i åtte av gravene. Dei haugane som vart grevne ut av Bendixen, hadde ein steinring med ei grøft på utsida. Ein må anta at alle haugane som hadde vore her, har hatt same utforminga.
 
Han samla og opplysningar om femten haugar som allereie var blitt fjernet. Ut i frå funne til Bendixen må det ha vore eit stort gravfelt på Bolstadmoen. Han meinte at det kan ha vore så mange som femti gravhaugar i området. Truleg har haugar blitt flata ut og eventuelle funn er ikkje blitt teke vare på.
 
Gravhaugane var 3 til 12 meter i diameter og opp til 1 meter høge. I haugane vart det funne kol, beinrestar, brende bein, spjut, fotkjede.
 
I ein gravhaug som låg på området som vert kalla «Edens hage» i dag. Her vart det grave ut tre buttnakka trinnøkser med tverr egg, prikkhogge med litt sliping, dei var 13 – 14 cm lange. Dei var laga av diabas, næraste kjende steinbrotet med denne bergarten finn vi i eit diabasbrot på Stakalleneset ved Florø. Det viser at det må ha vore forbindelse mellom ytre og indre fjordstrøk.
Ved datering av funna er ein komme til at haugen er i frå ein plass mellom 8000 f.kr og 1500 f.kr, det vil sei den eldre steinalder.
 I ein anna haug som hadde blitt fjerna hadde dei funne øks, skjoldbule, bissel, krumkniv, tve-egget pilspiss, saks og remspenn alt av jern. Denne haugen er truleg frå yngre jarnalder. I ein haug vart det også funnen ein sølvknapp. Elles vart det funne beinkam, beinnål, eldstein av kvarts, trestykke, klinknaglar, kroknøkkel, jarnstong, knivblad og ein bronsering.
Det låg også ein langhaug, den var målt til 12x3 meter, den var låg og utydleg, den er i dag borte sidan det vart teke ut sand i området under anleggstidene i Fortun.
 
I ein gravhaug som låg på området som vert kalla «Edens hage» i dag. Her vart det grave ut tre buttnakka trinnøkser med tverr egg, prikkhogge med litt sliping, dei var 13 – 14 cm lange. Dei var laga av diabas, og kjem i frå diabasbrot på Stakalleneset ved Florø. Det viser at det må ha vore forbindelse mellom ytre og indre fjordstrøk. Ein kan tenkja seg at veidefolket trekte innover i landet om sommaren for å gå på jakt og trekte seg ut igjen til kysten om vinteren. Ute ved kysten var det isfritt om vinteren, og det var godt med førekomstar av mat t.d. fisk, skjel, sel og sjøfugl.
 
Ved datering av funna er ein komme til at haugen er i frå ein plass mellom 8000 f.kr og 1500 f.kr, det vil sei den eldre steinalder.

Det låg ein haug som vart kalla «Selhaugen» mellom reinekanten og der våningshuset på bnr. 71 står i dag. Då den vart greven ut fann dei eit gravkammer. Gravkammeret bestod av store heller i om lag ein mannslengd. Det låg ein rundkampa stein i den eine ender av kammeret. På utsida av hellene var det grus, så stein. I mellom steinane vart det funne bork av tømmer. I kista vart det funne små beinrestar og oske. Elles vart det funne kol og oske spreidd utover i haugen. Toppen av kista var dekt med heller, så sand over. Haugen vår så oppmurt med stein til den fekk eit tverrmål på ikring femten meter og ei høgd på tre meter. I toppen av haugen fant dei eit spjut, dette har i etter tid gått tapt. Steinane i haugen vart brukt til å mura opp ein terrassen som ligg langs reinekanten.
 
 Då dei tok ut tomten til tilbygget til hotellet rundt 1910 vart det funne ein mannsgrav. I den vart det funne to, toegga pilspissar av jarn. Lengda på dei er 23 og 24 cm. Ut i frå forma på dei må dei vera i frå 200-tallet.
Mur av gravrøysstein
Dette var ei skildring av nokre av gravene. I alle vart det funne kol, oske og beinrestar. Skikken med slike branngraver gjekk ut av bruk i siste halvdelen av den yngre steinalder.
Dei fleste av gravene er datert til den yngre steinalder og det er og nokre i frå den eldre steinalder. Det som var vanleg i steinalderen var at slike branngraver vart lagd til område i nærleiken av dyrka jord.
Dette gravfeltet på Høgamoen, var stort, kan hende det største i Sogn og Fjordane. Det viser at det var etablert
eit jordbrukssamfunn her allereie i den yngre steinalder. Om vi ser på nabogardane Eide og Hauge med sine gravhaugar så viser det til eit fastare og meir organisert samfunn enn tidlegare, opp igjennom den yngre steinalder og den tidleg bronsealder.
 
Funnmangelen av gravhaugar i frå jarnalderen ligg i endringar i sjølve samfunnet. Desse endringane har ført med seg at dei slutta med gravgåver. Likbrenning var den vanlege gravskikken på den tida. I vest Noreg var det vanleg at beina vart reinska og samla i kar. Kara var laga av leire, kleberstein, bjørkenever eller i tre. Desse vart så sett ned i jorda utan noko kjennemerke på toppen eller sett inn i eksisterande gravhaugar. I ein gravhaug vart det funne eit knust leirkrukke, den kan ha blitt sett inn i haugen ein eller anna gong i jarnalderen. Fleire av gjenstandane som vart funne i haugane kan indikera på at det har vert sett ned restar i frå likbrenninga i dei.  Det er godt mogleg at slike kar av kleberstein finnes nedgrave, ein eller annan plass i området. Denne gravskikken må ta skulda for at det er så få funn i frå jarnalderen.
I folkevandrings- og vikingtida var det og vanleg at storbonden og høvdingar vart hauglagde slik at dei kunne sjå heim. Dei fekk med seg gravgods når dei vart gravlagde. Truleg har det vore slike graver i området, men spor etter desse er borte i dag.
 
Det stod i si tid ein bautastein på ein haug på området til Bolstad, den steinen vart teken ned å brukt som mur i ein fjøs og haugen vart flata ut. Om det var nokon inskripsjon på den veit ein ikkje i dag. På ein blyant teikning av Johan Christian Dahl, ser ein bautasteinen. Teikninga er i frå 1850.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet