Var dei første stavkyrkjene eigentleg gamle Gudehov - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Var dei første stavkyrkjene eigentleg gamle Gudehov?
 
Eg har i mange år undra meg kvifor stavkyrkjene våre ser slik ut som dei gjer. Utskorne drakehovud, masker, og slangar som veltar seg i kvarandre og som sluker kvarandre. Fuglevengjer på utspringa på taket. Kan dei som bygde det første Hovet / stavkyrkja fått ein guddomleg inngjevnad  (inspirasjon) utan ifrå?
 
Ein tanke som rann meg i hug når eg dreiv på med å skriva om oldtidskyrkja på Høgamoen i Skjolden. Om bygningane som seinare vart kyrkjer allereie stod der då kristendommen kom til Noreg? Dei var bygningar på norrøne Gudehov og var allereie heilage. Og at desse vart vigsla om til gudshus for den nye trua.
 
Då Olav Tryggvason vart konge i Noreg ikring 995 var han ein pådrivar for kyrkjebygging og misjonering. Om han var her i området veit ein ikkje noko om. Men kvifor skulle ein riva ned eksisterande gudehov? Det var billigare å bruka denne bygninga som stod der i frå før. Folket var også vant med å møtast ved gudehovet, noko som dei framleis kunne men no på kyrkjebakken.
 
På gudehova budde også Goden, norrøn prest og/eller høvding. Bokstavleg oversett i frå norrønt språk betyr det «den som taler for gudane». Då var det og naturleg at personen som talte for gudane i den nye trua også flytte inn her, opptakten til dei fyrste prestegardane.
 
Om ein ser på templa i det fjerne Østen, pagodane, i stilen kan dei likna på ei norsk stavkyrkje. Dei er reist på søyler som held bygget oppe. Taket er dekt med spon av tre. Spona var festa på langsgåande lekter og festa med trenaglar i den. Taka har utspring med utskjeringar, t.d. dyrehovud. Sjå på ei stavkyrkje, du ser att det same.
 
Inne i eit norrønt gudehov kan ein tenkja seg at det stod statuar av dei norrøne gudane, desse vart erstatta av altertavler med kristen motiv. Ramnevengjer og drakehovud som var på utspringa på taket er på stavkyrkjene delvis erstatta av kross. Vengjer på utspringa på gudehova skulle minne  om Hugin og Munin, Odins ramnar.
 
Korleis kom denne byggjeskikken til Noreg? Om vi held oss til den norrøne gudstrua så kom den med folket som kom vandrande i frå aust, for å busette seg i det som er Noreg i dag.
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet