Segna om Knute guten - Bolstad Gard i Luster kommune

Bolstad
Gå til innhold
Segni om «Knute-guten».
 
Det var ein kar oppe i Bolstad som hadde berre vore gift i om lag ei veke då han gjekk bort, ved eit ulukkeshende i fjellet.
Det var Knud Olson, som var døypt 16. august i 1800 og forulukka den 13. juni i 1826.
Han drukna i Mørkriselvi då han var på veg heim i frå stølen Fossen. Det hadde regna i nokre dagar men den 13 juni vart det eit forferdeleg vêr. Budeiene rådde han ifrå å dra heim denne ettermiddagen, sidan Fossen (Nobbelvi) gjekk kjempestor og stygg, den kastar seg utfor ein høg hammar og omtrent rett i storelvi som også gjekk flaum stor.
Dei som er kjend her veit at det er uråd å ta seg fram etter vegen i frå Ilaget og heim i mot Grasøy. Her er elva på sitt smalaste berre elvi i botnen og bratte fjellsider på begge sidene.
Men Knuteguten, som han vart kalla, tok den store svarte hesten sin og la i veg heimover. Han var nygift, gift berre i om lag ei veke, så han måtte berre heim til den ventande kona. Han sette seg oppå hesten med desse orda: «Druknar eg i kveld, skal eg ri som ein draug gjennom dalen»
I kveldinga såg budeiene på Langdalen, ein stor svart hest som gjekk å beitte på vollane. Dei kjente hesten til Knuteguten igjen, men dei såg ikkje noko til han nokon stad. Hesten var litt haldt på høgre foten men såg elles bra ut. Ut på dagen neste dag kom det folk i frå bygda som såg etter Knuteguten som ikkje var heimkommen som avtalt. Sidan dei ikkje fann han verken på stølen Fossen eller langs elva så tok dei med seg hesten å drog heim. Dei antok at Knuteguten hadde forulukka. Hesten må ha mist fotfeste når dei kryssa Fossen. Knuteguten hadde då falle av hesten og gått i elva.
Om hausten då elvi var lita fant dei liket av Knuteguten under ein stor stein i elva ved Grasøy.(sjå Bilete) Dei tok med seg liket heim til Langdalen, her la dei han inn på skotgolvet i Yttrisselet. Etter nokre dagar vart han kløyvja ned til bygds i eit stor seildukssekk.
Fleire budeier på Fossen har sett ein hest full galopp med ein svart skikkelse fram og attende på Fossen nå det var uvêr. På bjelken over skotdøra på Yttrisselet skal det ha sete ein hane som gol så vederstyggeleg at det gjekk gjennom marg og bein og logen skal ha stått ut av nebbet hans, i etterkant av denne hendinga.
Denne segni er etter Halvard Johan Bolstad (1894-1981).
Knutegutsteinen
© Bolstad Farm 2022
Tilbake til innholdet